Chris Cross | |||
Cross i 2009 | |||
Fødd | 14. juli 1952 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Tottenham | ||
Død | 25. mars 2024 (71 år) | ||
Fødenamn | Christopher Thomas Allen | ||
Alias | Chris Cross | ||
Opphav | Tottenham i London i England | ||
Aktiv | 1973–1988 2009–2012 | ||
Sjanger | New wave, kunstrock, post-punk, synthpop, glamrock | ||
Instrument | Bass, klaverinstrument, synthesizer | ||
Tilknytte artistar | Stoned Rose, Tiger Lily, Ultravox, John Foxx, Midge Ure | ||
Verka som | Musikar, psykoterapeut, rådgjevar for mental helse |
Chris Cross (14. juli 1952 som Christopher Thomas Allen–25. mars 2024)[1] er ein engelsk musikar, mest kjend som bassist i new wave-bandet Ultravox.
I 1973 svarte han på ei annonse av Dennis Leigh og var med å skipe Tiger Lily i lag med gitaristen Stevie Shears, trommeslagaren Warren Cann og fiolinisten/klaverspelaren Billy Currie, som kom inn året etter. Tiger Lily skifta sidan namn til Ultravox og spelte inn debutalbumet sitt i 1977. Bandet vart oppløyst etter ein turné i 1987. I 2008 kom bandet saman att og gav i 2012 ut eit nytt album.